22. desember 2024

Fair Play Bygg Oslo

I invitasjonen til å opprette Fair Play Bygg – Oslo og omegn stod det: «Vi skal gjenreise en seriøs byggenæring med like konkurransevilkår og anstendige arbeidsforhold. Det handler om respekt». Vi tok kontakt med prosjektleder Lars Mamen for å høyre korleis det gjekk.

For om lag eit år sida fekk Foreninga ein invitasjon til å vere med i Fair Play Bygg: De er med dette invitert til lansering av Fair Play Bygg Oslo og omegn, torsdag 14. februar klokka 16 -18 på Skatten. Her skal vi presentere prosjektet vårt som er eit samarbeid mellom lokale arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar i Oslo og Akershus. Fair Play Bygg Oslo og omegn er oppretta for å motverke arbeidslivskriminalitet og useriøsitet i byggebransjen. Vi arbeider for å avdekke kriminelle aktørar i bransjen og leverer tips med opplysningar om desse til med A-krimsenteret. Prosjektets mål er å gjenreise ei seriøs byggebransje med faste tilsette og lærlingar som leverandørar av godt handverk, trygge tenester og fagleg kompetanse.

Korleis går det med gjenreisinga?

Det er mykje ròte i bransjen. Ein kan ikkje gjenreise eit bygg på ei roten botnsvill. Heller ikkje ein bransje gjennomsyra av sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ved erklæringar og fromme løfter. Rotenskapen må skjærast bort og ein må lufte ut i usunt miljø der ròte og kriminalitet trivast!

Med det meiner eg at vilja til å til å kjøpe svarte tenester må bort, før vi blir kvitt dette problemet. Byggherrar og innkjøparar slutte å sende pengar inn i ein mafiaøkonomi. Folk må ikkje akseptere kriminalitet, men varsle ved mistanke om kriminalitet i byggjebransjen. Gjerne direkte til etatane, men dersom du ikkje ønskjer det eller vil vera anonym – send tips til Fair Play Bygg Oslo og omland.

Etter eit år på rundreise på byggjeplassar og i underverda i Oslo, har du sett det du venta å sjå? Kva har overraska deg, om noko?

Eg var jo klår over at det var dårlege forhold og at utanlandske arbeidsfolk i bygg er særleg utsett. Det som har overraska meg er at fleire føretak kan drive på i ganske lang tid før dei blir stansa. Nokon driv svart og svindlar arbeidsfolka sine utan å forsøke å skjule det  – og det går. Til slutt blir dei jo stansa og føretaket konkurs – men innan den tid kan dei ha tent store pengar. Andre legg stor kreativitet i å jukse med alt frå Nav-stønader, payback på løn eller opplegg for momssvindel – somme tider med god hjelp av proffe folk som kan regelverket.

I nokre av desse sakene er arbeidsfolka blitt rekruttert gjennom organiserte nettverk som er på (eller over) grensa til menneskehandel. Særleg arbeidsfolk utanfor EØS området er sårbare og utsett for menneskehandel eller human trafficking som dei kallar det. Dette må eg seie har overraskar meg, eg tenkte vel som dei fleste at dette var eit problem som var knytt til prostitusjon og berre i liten grad fantes i arbeidslivet – som til dømes omreisande stein/asfalt arbeidarar. Men problemet er meir vanleg enn det – og arbeidsfolka er særleg utsett på grunn av at dei risikerer straff og utvisning frå Noreg dersom dei blir tatt av politiet – så dei har ingen stader å varsle…

Har du hatt samarbeid med fagforeiningane, og kva har dette vore?

Samarbeid med fagrørsla er avgjerande viktig for at dette prosjektet skal bli vellukka! Eg får inn ein del tips og utvekslar ein god del informasjon med fagforeiningane. Dessutan er dei sterke bidragsytarar til økonomien i Fair Play Bygg, og takk for det! Eg skulle gjerne likevel hatt fleire tips frå tillitsvalte og organiserte arbeidstakarar som er «ute i felten» og heilt sikkert ser og høyrer mykje om kriminelle forhold i bransjen– denne informasjonen vil eg gjerne ha! Send inn tips og varslar om dette til oss, gjerne med opplysningar som adresse på byggjeplass, orgnaisasjonsnummer, og eventuelt bilde av bilskilt eller anna som kan identifisere personar eller føretak dersom det ikkje er ope kven som utfører arbeidet.

Kvar går vegen vidare?

Eg ønskjer at vi kan bemanne opp i prosjektet – ein tilsett for i Osloregionen blir for lite når problemet er så stort.

Dessutan har eg tru på at informasjon nyttar: Dersom utanlandske arbeidsfolk får informasjon om rettar, pliktar, fagforeiningar og korleis ein skal varsle om kritikkverdige forhold vil dei i større grad kunne ivareta eigne interesser og bli mindre utsett for å bli svindla av kriminelle – for deretter å bli klient hos ein hjelpeorganisasjon, avsluttar Lars Mamen.

Heismontøren ønskjer lukke til.

Bjørn Tore Egeberg
Bjørn Tore Egeberg
Egeberg er organisasjonssekretær i Heismontørenes Fagforening.

Siste artikler

ÅRETS KLASSE PÅ STYRT OPPLÆRING

I september var årets klasse for styrt opplærling samlet ved senteret. Foreningen var som vanlig til stede for å fortelle om fagforeningen.

MITSUBISHI STYRKER SIN POSISJON I DET NORSKE HEISMARKEDET

I slutten av november kunngjorde Mitsubishi eide Motum AB at de overtok den norskeide heisbedriften ALT Heis AS.

KAMPEN FORTSETTER

Kampen fortsetter er tittelen på Jonas Bals sin frittstående oppfølger til boka Våre kamper – mot rasisme og fascisme 1865–1940.

Støtteuttalelse til Fagforbundets streik i NHO-bedrifter

Heismontørenes Fagforening uttrykker vår fulle støtte til de streikende i Frelsesarmeen og Blindeforbundet og virksomheter som driver innen blant annet asyl, bo- og omsorgstilbud, etter at det ble brudd i meklingen i tariffområdet NHO 453 natt til lørdag 2. november.
2,494FølgereLik
1,091FølgereFølg
46AbonnenterAbonnér
X